lørdag 10. mars 2012

Oppgåve D

I dag skulle vere den store dagen. I dag skulle babyen bli født. På sjukehuset var det ei spent stemning idet det unge paret kom. Mora hadde ikkje følt seg så bra i det siste, og frykta at noko kunne vere galt med barnet deira. Dei gjekk inn for å få den fyste undersøkinga overstått. Dei skjønte det allereie då, i det ansiktutrykket på doktoren endra seg drastisk, at noko ikkje var heilt som det skulle. Legen pusta tung og ga dei den forferdelege beskjeden…  Dei så på dei ny innkjøpte barneskoa  og omfamna kvar andre.

In media res
Eit spedbarn har dødd. Det var orda som gjekk rundt på sjukehuset ein kald og dyster haustkveld. Eit ungt par omfamna kvarandre og ein kunne høre hulka frå familien. Regnet hølja ned idet paret gjekk ut med dei nye små barneskoa dei hadde kjøpt. Det var uverkeleg. Dei hadde venta 9 månadar og forberedt alt. Heime sto det eit tomt barnerom, ein tom seng, og ubrukte leikar.  

Oppgåve B

Pizzaen var god. Endeleg var det fredag igjen! Dagen der eg får favorittmaten min. Det er ein perfekt samansetting av ost, oregano og skinke. Kvar gong eg et det frydar smakslaukane mine seg. Det er som om himmel og jord møtast.  Den himmelske følesen ein får kvar gang ein et denne maten. Ein sprø men luftig botn, med tomatsaus, og ein haug med ost og skinke. Kan det bli betre? Denne kvelden var det tid for fredagspizzaen, og eg må seie at den innfridde alle forventingane.

Mikael er svært interessert i musikk:
Kvar dag sit Mikael på rommet sitt og spelar. Ikkje video-spel, men musikk. Fleire timar i strekk, dag etter dag. Om det ikkje er gitarlydar som kommer ut så er det piano eller munnspel. Eg trur ikkje han bryr seg om noko anna lenger.  Musikken har blitt ein så stor del av livet hans at familien kjem i andre rekke. Alt han snakkar om er den kjære musikken hans, og ikkje minst den fine gitaren, som kanskje er det viktigaste han har. Eg er sikker på at han ein gong skal bli ein musikar.

torsdag 8. mars 2012

Oppgåve A

OPPGÅVE A: Skriv eit blogginnlegg der du forstørrar éit av følgjande to augeblikk:
Augeblikk 1: Du sit på bussen på veg heim frå skulen ein ettermiddag. Du er trøytt etter ein slitsam dag på skulen, og du ynskjer at det skal vere stille rundt deg. Men så kjem to eldre damer på, og set seg på seta rett bak deg. Dei er av den særs pratsame sorten.

Det hadde vore ein av dei verre dagane på skulen. Mas frå alt og alle. Hovudet mitt kjentes ut som om det skulle eksplodere. Eg tok dei tunge skritta mot busshaldeplassen, og alt eg tenkte på var å komme meg heim og få fred rundt meg. Det låg an til å bli ein stille og behageleg busstur. Eg sat med hovudet lent bakover og lukka auga, idet det kom to gamle damer på bussen og sat seg rett bak meg. «Eg tek meg ein høneblund,» tenkte eg og lukka auga. Men det gjekk ikkje meir enn to sekund før dei gamle kjerringane begynte å snakke. Og dei snakka og snakka. Eg kjende raseriet boble, og stemmene deira blei berre høgare og høgare. Dei lo og skreik. «Kvifor akkurat i dag?» tenkte eg. Eg som var så sliten… Gjennom heile bussturen snakka dei som om dei var på ein rocke-konsert. Eg hadde så lyst til å snu meg å be dei om å være stille, men dei var jo berre to gamle damer og eg vil jo ikkje vere uhøfleg. Eg lukka auga og heldt for øra. Då eg endelig kom heim la eg meg i senga og sov til middag.